Reidun Elise Foldøy

Reidun Elise Foldøy

https://reidunelisefoldoy.no/

Bøker under arbeid

Vridd · Romaner

Under det fargerike og frigjerande 1970-talet blir vesle Hjørdis skyfla rundt i ei steril vaksenverd der alle meiner å vite kva som er best for henne. For føtene hennar er ikkje som dei skal. Hjørdis sin far finst berre på eit avisutklipp, og mora spelar så vakkert på fløyta si i gravferder at det går gjetord om henne. Gjentekne sjukehusopphald slit på bandet mellom dei to som alltid har vore eitt, når mora ikkje får vere der. Men Hjørdis knyter også nye band. Ho speglar seg i dei ho finn, og oppdagar slik seg sjølv. Hjørdis kjenner seg ofte einsam og annleis, men hennar ukuelege vesen fyller historia med varme og ein lett surrealisme. Boblande og nyfiken livsutfalding finn nye vegar når rammene blir tronge, mens alvoret lurer under overflata. «Er alt berre mørkt når ein er blind?» «Å nei», sa ho, «det er lys overalt.» «Kvar då?» spurde Hjørdis. «I stemma di, for eksempel.» «Er det?» kviskra Hjørdis. «I alt du fortalde, var lys.»

BoldBooks Logo
ALLi Partner Member
© BoldBooks 2022