
Eg hadde barndomen minn i NordRogaland, ungdomstida i Vennesla og det meste av vaksenlivet i Kristiansand, fram til eg flytta til Bergen i 2012. Etter ei uroleg skuletid som endte med ex.art. som privatist, reiste eg eit år i nord-, vest-, sentral og aust-Afrika. Pengane til reisa hadde eg tent på Falconbridge Nikkelverk. Der gjekk eg også tilbake då eg kom heimatt, og blei der i 23 år. Eg begynte på Mattelutingsanlegget - eit av dei fyrste prosessanlegget som tok i bruk elektronisk styring i 1967. Eg begynte der fyrste gong i 1970. Etter åra som heiltids tillitsvald (1980-86) arbeidde eg på eldre og eldre prosessanlegg, fram til eg vart med i rivegjengen som sanerte heile den gamle tørrsida. Eg var politisk aktiv på venstresida - fyrst i AUF, seinare i ML-rörsla. Men etter kvart vart arbeidarforeininga den viktigaste aktiviteten min, både i arbeidstid og fritid. Eg var leiar av foreininga frå 1980 - 86, då gjekk eg tilbake til produksjonen på Roste- og Smelteanlegget. Eg var også ein periode i Elektroavdelinga som brettvakt. Eg dreiv mykje med både skriving og nærradioarbeid. Det var nok årsaka til at eg ein dag på forsommaren i 1993 fekk tilbod om å arbeide som ferieavløysar i Fædrelandsvennen. Då sommaren var over fekk eg tilbod om å halde fram - og slik gjekk det til at eg vart journalist den andre halvdelen av arbeidslivet mitt. Eg var fyrst i avisa, så var eg med å starte eit dotterselskap som dreiv ein lokalTVstasjon. I 2003 slutta eg i huset Fædrelandsvennen og etablerte meg som frilansar, dels i skrivande og dels innan audiovisuell journalistikk. Etter kvart auka interessa for munnleg historie (oral history). Fyrste store prosjekt var "Stiftinga Neveragain.no" som samla munnleg kjeldemateriale om norsk og russisk krigshistorie. Så fylgde ulike intervjuseriar om somatisk og psykisk helse, der idéen var å dele livserfaringar mellom folk med kroniske lidingar. I 2015 var eg med å etablere "Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie". Det vart hovudaktiviteten min fram til 2026. Eg skal framleis arbeide med Memoar, men planen min er å flytte hovudaktiviteten over til skrivande journalistikk (eller kva vi skal kalle det). Hausten 2026 arbeider eg med ei fagforeiningshistorie og ei familiehistorie. Etter mitt syn fortener dei begge å setjast i båsen mikrohistorie - og begge bygger i hovudsak på munnlege kjelder. Eg har base i Bergen.
Ei forteljing om Nikkelverkets Arbeiderforening. Ambisjonen er at boka skal kunne lesast som ei fortetta mikrohistorie om den norske arbeidarklassen og særtrekka i den norsk industrihistoria i perioden frå den andre industrielle revolusjonen fram til i dag.
Denne forteljinga er ei familiehistorie gjennom fire generasjonar, fra ca 1880 til i dag. Hovudpersonen i den fyrste generasjonen sa frå seg odelsretten til ein del av eit klyngetun for å arbeidet i Setesdalsbanen. Hovudpersonen i andre generasjon var i fyrste kull norskutdanna dyrlegar. Han slo seg ned i Ryfylke etter oppmoding frå den sosialdemokratiske motstandsrørsla under krigen. Hovudpersonen i tredje generasjon vart ein livsglad 68'ar - og den fjerde vart ei talentfull kvinne i kreativt yrke som tok livet sitt medan ho framleis var ung. Forteljinga kretsar rundt spørsmål om balanse mellom "hevdvunne felleskap i arbeid og fest" og ein tiltakande "individualiserande tendens".