Noe gikk galt

Du kan forsøke å laste inn siden på nytt. Om feilen vedvarer kan du ta kontakt med oss på post@boldbooks.no.

Feilkode 418

Olla Rypdal

Olla Rypdal

Om forfatter

Forfattar og teaterpedagog. Eg arbeider som freelancer ved sidan av å skrive, med oppdrag innanfor DKS og det lokale og regionale kulturlivet for øvrig. Forlaget Olla blei etablert i oktober 2017. Den første boka var «Amulettmysteriet». Sidan har det blitt tre bøker til i serien: «Det gamle slottet». «Kodemysteriet» og «Mysteriet ved Hangman's Hill». I tillegg til bildeboka «Birgers odyssé» og juleboka «Tippoldefar Jakobs julekort» har eg også skrive «utandørs i nordvest» saman med Audbjørg Gjerde Lippert. Hausten 2020 kom den illustrerte boka «Klokkemakar Alfreds mysterium», retta mot aldersgruppa 8-12 år. Eg skriv først og fremst for barn og ungdom, på nynorsk.

Bøker under arbeid

Mysteriet ved Hangman's Hill · Barnebøker

Gulna, gamle brev, ein rusten nøkkel innpakka i ei avriven engelsk avisside frå 1907, og ei legende om ei grufull hending ved eit stup, fører Anna på sporet av ein ukjend slektning og ei forsvinning for over hundre år sidan. I Combe Martin er Anna, saman med hunden Kaspar og venene Siri og Erik, snart midt oppi utforskinga av eit lenge gøymt og gløymt mysterium. Men kva kan dei uforklarlege opplevingane deira på det gamle godset ha med det gamle mysteriet å gjere? Spora fører dei til stupet ved Hangman’s Hill... Boka kjem tidleg haust 2021

Nattvogna · Barnebøker

Arbeidstittel: «Nattvogna» Dette er ein barneroman, skriven på nynorsk, som er tenkt utgitt vår 2022. Målgruppa vil vere alderen 10-13 år, målforma nynorsk. Det er ei spenningshistorie der tematikken er utanforskap, og vegar inn til fellesskap. Desse vegane er for personane i historia utfordrande på ulike vis. Romanen handlar om to barn, Millea og Max, som av ulike grunnar ikkje alltid søv om nettene. Begge har bygd seg eit eige «univers», den eine ei draumeverd, den andre ei verd som verkeleg fins, men som er ukjend for dei fleste. Desse to barna møtest, og dei blir vener. Saman bruker dei no dei søvnlause nettene sine saman med Arietta ved nattvogna hennar. Nattvogna er som eit eventyr: Dører og veggar opnar seg, lysande lamper, fargar, musikk, teater, leiker, figurar, merkelege innretningar og mekanismar blir til ein fest ein knapt kunne drøyme om – ein «oase» for alle som blir inviterte dit. Ingen veit kor Arietta kjem frå, ho berre dukkar opp med ujamne mellomrom med vogna si på dei avtalte, hemmelege stadene. Ein gong på ei aude strand, ein annan gong i ein skog – eller eit forlatt fabrikkområde. Millea og Max hjelper Arietta med å finne folk som skal bli inviterte til nattvogna. Menneske med ulike utfordringar, utanfor samfunnsfellesskapet av ulike grunnar. Nattvogna blir deira felles møtestad. Her finn dei glede og tryggleik – dei bygg opp eit fellesskap der dei kjenner seg inkludert. Men ei natt dukkar ikkje Arietta og nattvogna opp på den avtalte staden. All leiting er nyttelaust, Arietta er borte. Millea og Max får med seg dei andre som høyrer til i det vesle fellesskapet til å leite etter Arietta og nattvogna hennar. Utfordringane den enkelte møter skal vise seg å vere vegar til eit større fellesskap. Det skal også vise seg at Arietta hadde ein grunn til å forsvinne.

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

BoldBooks Logo
ALLi Partner Member
Ikon
Ikon
Ikon
Ikon
© BoldBooks 2024