Noe gikk galt

Du kan forsøke å laste inn siden på nytt. Om feilen vedvarer kan du ta kontakt med oss på post@boldbooks.no.

Feilkode 418

Øystein Hauge

Øystein Hauge

Om forfatter

Poet og skrivekursleiar: For oppdrag innan litteraturfeltet (skrivekurs, foredrag, leiing av scenesamtalar, podkastsendinger o.a.): ta kontakt med hauge (at) litteraturnett.no eller Norsk Forfattersentrum (her vil du også finne gjeldande honorarsatsar). Bøker: Hundre vegar heim – haikuskisser (boksingel Flamme Forlag, 2021), Oktobersong – prosadikt (Borken, 2021), Predikanten – lyrikk (Tiden, 2011), Stilleben – lyrikk (Tiden, 2010), Fotografi av to som dansar – lyrikk (Tiden, 2005), Radiodikt – lyrikk (Tiden, 2003), Bare – lyrikk (Tiden, 2002), Grønt – lyrikk (Tiden, 2000), Forfattarliv og røre – aforismesamling (Det norske Samlaget / Den norske Bokklubben 1991), Messe og maskespel (Møre Forlag, 1989). Tilgjengeleg også i ei rekke poesiantologier samt i lærebøker i skulen (Aschehoug, Gyldendal, CappelenDamm). Medlem Den norske Forfatterforening, Norsk Forfattersentrum, Norsk Kritikerlag og Bjørnsonakademiet. Meir om bøkene her! For opplesingar/skrivekurs/programleiarjobbar o.a. – kontakt Norsk Forfattersentrum: Noen referansar: Bjørnsonfestivalen, Norsk Litteraturfestival, Roskilde Festival (litteraturprogrammet), Dei Nynorske Festspela, NRK, Museet for Samtidskunst (DK), Bok i Operaen, Poesitrikken, De norske Bokklubbene, dagbladet.no, universitet, høgskular, fengsel o.a. Har vore ansvarleg for eit femtitals sceneintervju (med gjester som m.a. Jan Kjærstad, Ann-Cath Vestly, Levi Henriksen, Vigdis Hjorth, Jan Erik Vold, Herbjørg Wassmo, Kolbein Falkeid, Anne B. Ragde, Dag Solstad, Leif GW Persson, Ketil Bjørnstad, Anne Karin Elstad og mange fleire). Prisar, prosjektstipend, fondsmidler o.a.: Statens Kunstnarstipend (div. stipend), Sørlandets Litteraturpris, Hustadvika kommunes kulturpris 2022, Vegårshei kommunes kulturpris 2010, Andersson Rysst-prisen, Dansk-Norsk Samarbeidsfond, Norsk Forfattersentrums fond, Sasakawafondet, Norsk Kritikerlags stipend, Kunstnarstipendet Møre og Romsdal Fylke. «Årets diktsamling» (kåra av dagbladet.no sine lesarar for boka «Fotografi av to som dansar» 2005), Lydkunst/performances, låtskriving o.a. Lydinstallasjon Museet for Samtidskunst (DK) 2005. Kurs/workshops i m.a. Tokyo, Praha, Riga, New York og Roskilde. Studioproduksjon i samarbeid med lydkunstneren, komponisten og konseptualisten Charles Morrow, New York 2005. Øystein Hauge har også levert sangtekstar til fleire artister/sangkor/revyoppsetningar. Baumann & Hauge, Fair & Square, Poesiparken Larvik, Trondheim Litteraturhus o.a. Ein serie handlagde porselenskoppar frå kunsthandtverkaren Ann Cecilia Baumanns hand, med poesi av Øystein Hauge, tilgjengeleg Bærums Værk og ved ei rekke kunstmuseum, litteraturhus o.a.. Tekstene hans inngår også i en kolleksjon fra tekstilprodusenten Fair & Square. Diktsamarbeid med galleriet Maerz Contemporary, Litteraturhuset Trondheim og Poesibyen Larvik. Rom for litteratur: «Sidan Bondeheimen blei bygd i 1913 har han vore ein heim for forfattarar og skodespelarar som har vitja hovudstaden. I eit omfattande kulturprosjekt er no forfattarar, skodespelarar og andre stamgjester synleggjort i romma på hotellet som er eigd av Bondeungdomslaget. Det er Nynorsk Kultursentrum som har stått for utvelginga av kunstnarane» Øystein Hauge | Rom 608 (Kjelde: Nynorsk Kultursentrum/Best Western Bondeheimen).

Bøker under arbeid

Det umåla huset · Lyrikk

Innbundet m/ leseband. 320 sider. «Evna til å skrive så mykje som muleg på minst muleg plass er eit klassisk kjennemerke for kvalitet, uansett skriftform. I fleire av bøkene sine har poeten Øystein Hauge demonstrert meisterskapen sin i akkurat dette». Det er Tiden Norsk Forlag som skriv. Året er 2010. Og forlaget har nettopp gitt ut samlinga Stilleben. Redaktørteksten over kunne like gjerne ha vore nytta som vaskesetel til årets lune og nære samling Resten av kvelden. Å skrive så mykje som mulig. På minst mulig plass. Gjennom godt over trehundre tekstsider syner forfattaren i denne samlinga fram for for deg det eine litterære lysbiletet etter det andre. Originale og slitesterke, poetiske fotografi, slik vi kjenner dei att frå tidlegare bøker. Over snart tre tiår har poesien til Hauge vore å finne ikkje berre i boksidene, men også ei rekke stadar i det offentlege rommet. Slik vil du heilt sikkert ha lese ein eller fleire av tekstane hans; Bak på bussar og i trikken. På t-skjorter og i lydinstallasjonar. Som mobilpoesi i samarbeid med Dagbladet. På ferjer, i hotellrom og på Instagram. I dagsturhytter og i skulpturar. På postkort og i lærebøker i skulen. Eit lite utval av desse tekstane har også fått plass i Resten av kvelden. Filmatisk og fargerik poesi var avistittelen då VG meldte samlinga Fotografi av to som dansar. Men der boka frå 2005 var beskjeden i omfang, er Resten av kvelden blitt ein aldri så liten murstein av ei poesibok. Likevel. Ei diktbok der samtlige tekstar står fram for lesaren i ei minimalistisk, mild og lågmælt form. (etterord v/ poeten Helge Torvund)

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

BoldBooks Logo
ALLi Partner Member
Ikon
Ikon
Ikon
Ikon
© BoldBooks 2024