Eg er utdanna lærar, og har jobba i den norske grunnskulen i 15 år. I gjennom arbeidet mitt har eg ofte sett at mange ungar, særleg gutar, på mellomsteget har store vanskar med å finne bøker dei har lyst til å lese. Dette ønsker eg å prøve å gjere noko med. Sidan eg har vakse opp i “nynorskland” er det naturleg at eg skriv på nynorsk. I tillegg så saknar eg nynorskbøker spenningsbøker som er skrive på ein måte, og med eit språk, som ungar i dag kjenner seg igjen i. Eg ynskjer å slå eit slag for nynorsken og vise at det nynorske skriftspråket er betre enn sitt rykte.
Ingen beskrivelse enda.